Balestrand og Høyanger turlag har Fellestur i Lavik 2 påskedag

Måndag 22. april, 2. påskedag, blir det fellestur til Tjønnåsheia, vidare til Kvamsstølen før vi går ned til Lavik sentrum. Oppmøte ved Bunnpris Lavik kl. 10.00. Vi legg opp til samkøyring i privatbilar til parkeringsplassen ved Tjønnås på Lavikdalen. Avgang derifrå ca. kl. 10.15. Frå parkeringsplassen følgjer vi merka løype til Tjønnåsheia. Etter ein liten pause på toppen, går vi vidare på merka løype i lett nedoverbakke til Kvamsstølen og vidare nedover til Lavik sentrum. Vel nede att er det fint om nokon av turdeltakarane vil køyre sjåførarane som køyrde til Tjønnås, opp att på Lavikdalen, slik at desse får henta bilane sine. Turen byr på flott utsikt vestover mot Lihesten og Alden frå toppen av Tjønnåsheia. Vidare frå Tjønnåsheia er det flott utsikt innover Sognefjorden og sørover mot Stølsheimen. Vi reknar med å bruke 3-4 timar på turen avhengig av kor lang pause vi tek på toppen og snøforholda frå Tjønnåsheia ned til Kvamsstølen. Hugs å ta med niste og drikke. Det er ingen krav til medlemskap i Den Norske Turistforening for å vere med oss på tur. Ønskjer du å melde deg inn i turlaget, kan du lese meir om korleis du blir medlem, prisar og medlemsfordelar på https://www.dnt.no/medlem/ Deltaking på alle turlaget sine turar skjer på eige ansvar.

Aldersgruppe: For alle

2021 © Høyanger Frivilligsentral