Sosiale trivselstiltak for eldre

Ønskjer du og bidra til eit meir sosialt og inkluderande samfunn og redusere einsemd for eldre? Har du mulighet til å ta med ein ekstra person å aktivitetar du allereie er på, eller ta nokon med på ein tur, drikke ein kopp kaffi sammen og drøse, eller har du eit kjæledyr som fleire kan ha glede av ? Ta då kontakt med Høyanger frivilligsentral så skal vi informere deg meir om dette.

Aldersgruppe: For alle

A helping hand. Volunteering and senior care. Volunteer woman caretaker talking with senior woman. Domestic Life Stock Photo

Flere aktiviteter

Balestrand og Høyanger turlag har Fellestur i Lavik 2 påskedag

Måndag 22. april, 2. påskedag, blir det fellestur til Tjønnåsheia, vidare til Kvamsstølen før vi går ned til Lavik sentrum. Oppmøte ved Bunnpris Lavik kl. 10.00. Vi legg opp til samkøyring i privatbilar til parkeringsplassen ved Tjønnås på Lavikdalen. Avgang derifrå ca. kl. 10.15. Frå parkeringsplassen følgjer vi merka løype til Tjønnåsheia. Etter ein liten pause på toppen, går vi vidare på merka løype i lett nedoverbakke til Kvamsstølen og vidare nedover til Lavik sentrum. Vel nede att er det fint om nokon av turdeltakarane vil køyre sjåførarane som køyrde til Tjønnås, opp att på Lavikdalen, slik at desse får henta bilane sine. Turen byr på flott utsikt vestover mot Lihesten og Alden frå toppen av Tjønnåsheia. Vidare frå Tjønnåsheia er det flott utsikt innover Sognefjorden og sørover mot Stølsheimen. Vi reknar med å bruke 3-4 timar på turen avhengig av kor lang pause vi tek på toppen og snøforholda frå Tjønnåsheia ned til Kvamsstølen. Hugs å ta med niste og drikke. Det er ingen krav til medlemskap i Den Norske Turistforening for å vere med oss på tur. Ønskjer du å melde deg inn i turlaget, kan du lese meir om korleis du blir medlem, prisar og medlemsfordelar på https://www.dnt.no/medlem/ Deltaking på alle turlaget sine turar skjer på eige ansvar.

2025 © Høyanger Frivilligsentral