-
Balestrand og Høyanger turlag har Fellestur i Lavik 2 påskedag
Måndag 22. april, 2. påskedag, blir det fellestur til Tjønnåsheia, vidare til Kvamsstølen før vi går ned til Lavik sentrum. Oppmøte ved Bunnpris Lavik kl. 10.00. Vi legg opp til samkøyring i privatbilar til parkeringsplassen ved Tjønnås på Lavikdalen. Avgang derifrå ca. kl. 10.15. Frå parkeringsplassen følgjer vi merka løype til Tjønnåsheia. Etter ein liten pause på toppen, går vi vidare på merka løype i lett nedoverbakke til Kvamsstølen og vidare nedover til Lavik sentrum. Vel nede att er det fint om nokon av turdeltakarane vil køyre sjåførarane som køyrde til Tjønnås, opp att på Lavikdalen, slik at desse får henta bilane sine. Turen byr på flott utsikt vestover mot Lihesten og Alden frå toppen av Tjønnåsheia. Vidare frå Tjønnåsheia er det flott utsikt innover Sognefjorden og sørover mot Stølsheimen. Vi reknar med å bruke 3-4 timar på turen avhengig av kor lang pause vi tek på toppen og snøforholda frå Tjønnåsheia ned til Kvamsstølen. Hugs å ta med niste og drikke. Det er ingen krav til medlemskap i Den Norske Turistforening for å vere med oss på tur. Ønskjer du å melde deg inn i turlaget, kan du lese meir om korleis du blir medlem, prisar og medlemsfordelar på https://www.dnt.no/medlem/ Deltaking på alle turlaget sine turar skjer på eige ansvar.
Vedproduksjon
Vi hogger ved og kløyver og stabler og selgerDel på:
-
Bli med påskeharen på påsekegg jakt i Vadheim
Laurdag 13.04.2019 vert det påskeggsanking ved Sandvolleyballbana i Vadheim kl 15.00
-
Bosskøyring for privat personer
Vi tar køyreoppdrag for boss og hageavfall. Vi har ope mandag-fredag 09.00-14.00 ta kontakt for bestilling på telefon 57712345
-
Bruktbutikken
Bruktbutikken blir dreven av Høyanger frivilligsentral. Her jobber tre frivillige damer.
-
Hjelp din neste med hage arbeid
Mange eldre treng hjelp til førefallande hage og vedlikehaldsarbeid og tar kontakt med oss på frivillighetssentralen for hjelp. Har du tid og arbeidslyst vil vi gjerne høyre frå deg.